Yppar til Skambankt med noko attåt

Skambankt kjem tilbake til Florø, men ikkje til Haavebua denne gongen.

Skambankt kjem tilbake til Florø, men ikkje til Haavebua denne gongen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kinn Bryggeri inviterer til sommarfest på bryggeriet.

DEL

Skambankt har spela i Florø tidlegare og levert god stemning både på gamle gode Hagen, og på Haavebua. I januar var Skambankt-gitaristen Hans Egil «Hans Panzer» Løe på besøk hos Espen Lothe og Kinn Bryggeri for å brygge øl i samband med at bandet hans var svanger med ny plate. Då fortalde Løe at bandet skulle på turne, men at dei ikkje ville komme innom Florø i denne runden. No gjer dei kuvending. 1. juni kjem bandet tilbake til Florø, og denne gongen skal dei spele på Kinn Bryggeri.

Sommarfest

– Dei er på veg til Trondheim for å gjere ein konsert der, og på vegen hadde dei lyst til å stoppe i Florø for å gjere ein litt annleis konsert, fortel marknadssjef og partnar i Kinn Bryggeri, Ann Magritt Banne.

– Den første juni skal vi saman lage til ein steikande bra Sommarfest for Florø-folk, og forhåpentlegvis tilreisande. Vi riggar til scene i portopninga vår og har god plass utanfor. Vi kjem til å legge ut 800 billettar for sal, og håpar å fylle opp heile gardsplassen.

Hans «Hans Panzer» Egil Løe fyllar på med humle med Espen Lothe hos Kinn Bryggeri i januar.

Hans «Hans Panzer» Egil Løe fyllar på med humle med Espen Lothe hos Kinn Bryggeri i januar. Foto:

Banne har store planar for festen, men det er framleis mykje som skal falle på plass. Dei jobbar med å få på plass fleire innslag, mellom anna supportband før Skambankt, og ein dj til å avslutte det heile. Håpet er at både supportband og dj blir lokale namn. Før festen blir det vorspiel på Vesle Kinn, kanskje med buss opp til bryggeriet, og der vil det sjølvsagt vere høve til å kjøpe seg både mat og drikke.

Godt vær

– Vi skal sette opp bord og benkar på sida, og Hjørnevikbua kjem til å rigge opp eit mobilt kjøkken og servere gourmetmat. Vi har brygga turnéøl til Skambankt som det vil bli mogleg å smake på, både årets utgåve «Gribben», og «Voodoo» som eigentleg er ute av produksjon. Dette er øl som ikkje er i sal i daglegvarehandelen, så det er litt kult.

Kinn Bryggeri samarbeider med Byen vår Florø om arrangementet, og med deira erfaring med store og små arrangement vil vi tru at publikum er i trygge hender. Spørsmålet er om dei også har vêrgudane med på laget.

– Det kan ein aldri vite, men den sjansen må vi ta. Statistisk sett er det ofte fint vær i slutten av mai og starten av juni, og skulle det bli regn får vi rigge til eit telt over matserveringa i det minste. Vi trur det uansett kan bli ein fin sommarfest.

Skambankt på Rockefeller 17 mars 2017

Skambankt på Rockefeller 17 mars 2017 Foto:

Artikkeltags