Flora kommune har vore eit mønsterbruk på integrering og busetting av flyktningar. Rådmann Terje Heggheim kan fortelje at han styrer ein kommune som har innvandrarrekneskap som går i pluss.
Det kommunale føretaket leverer i dag overskot som igjen styrkar kommuneøkonomien. Alle pengane for drift av mottak går til det kommunale føretaket som fordelar det vidare.
Omset for 72 millionar
Dei statlege tilskota som kjem til busetting av flyktningar og tilskot som kjem til norskopplæring omsette føretaket i fjor for 72 millionar kroner. Og på botnlinja kunne dei levere eit overskot på 6,4 millionar kroner. Pengar som kan brukast på andre område i kommunen.
Medan mange kommunar kvir seg på å drifte asylmottak og slit med å busette flyktningar, har ryktet gått om Flora-modellen. Dette har gjort til at Flora i mange år har fått besøk og spørsmål frå fjernt og nært om Flora-modellen. Mellom anna Bergen, Høyanger, Kongsvinger, Stord, Sandefjord, Sola og ei rekke andre. Dette krev tid og ressursar.
Berre denne veka har dei besøk av to kommunar som trenger tips og råd om organisering av sine forpliktingar på innvandrarområdet. Difor ønsker no Flora å styrke seg slik at dei kan legge vekt på denne mentor-oppgåva og yte ei teneste overfor kommunar som treng råd og hjelp.
Godt plassert rådmann
Rådmann i Flora kommune, Terje Heggheim sit også i nasjonalt utval for busetting av flyktningar saman med fylkesmann Anne Karin Hamre og direktøren i iMDi, Geir Barvik.
Med Heggheim og Hamre så sentralt plassert er det komme gode indikasjonar på at Flora kjem til å bli tilført statlege arbeidsplassar.
– I løpet av 2015 tok mellom 30 og 40 kommunar kontakt. Vi er nå i dialog med iMDi, Fylkesmannen og andre etatar om å få tilført fem stillingar for å gjere Flora til regionalt kompetansesenter, seier leiar for innvandrarsenteret Arild Melvær. Han fortel til Firdaposten at desse stillingane ikkje er heilt i boks, per i dag, men at signala er positive.
Forsking
Flora kommune er også del av eit forskingsprosjekt i samarbeid med NTNU Samfunnsforsking. Der skal dei undersøke korleis det har gått med dei 350 personane som har vore gjennom introduksjonsprogrammet i Flora.
Styreleiar for KF Innvandrarsenteret Ronny Cassells fortel dei har planlagt eit kompetansesenter i fleire år. Han har tru på eit tosifra tal statlege arbeidsplassar innan få år. – Vi må få snøballen til å rulle. No i starten er ambisjonane fire fem statlege jobbar, men vyane er at vi skal få på plass ei høgskuleutdanning og eit masterstudie i tillegg, seier han.