Kan misse norgesrekord

Artikkelen er over 11 år gammel

FLORØ: Flora sin desemberrekord på 7,0 grader frå 1934 står i fare for å verte kraftig slått. Årets desember ligg an til å verte nyare tids varmaste. Aller varmast har det vore på Sørlandet.

DEL

Flora og Kinn står saman med Hellisøy Fyr på Fedje og Bulandet i Askvoll registrert med den varmaste desembermånaden. Alle tre med 7,0 grader i snitt. Men pr. 28.desember stod Lindesnes Fyr registrert med ein snittemperatur på 8,4 grader.

Medan Flora sin rekord er frå 1934 er Askvoll og Fedje sine rekordar frå 1924. Alt tyder på at ikkje berre ein, men ei rekkje målestasjonar kjem til å rase forbi i 2006. Adressa.no melder at 21 klimastasjonar kjem til å slette gjeldande rekord om det ikkje vert eit kraftig vêromslag. Men ingen ting tyder på det. For eit nytt lågtrykk er på full fart inn med meir mild og varm luft.

Artikkeltags