Kan blåse over ende

Ein ny rapport frå Norconsult konkluderer med at Keilevågbrua ikkje er stiv nok når det bles sterk vind. I ekstreme tilfelle kan brua kvelve. No må alle pålar byttast.

Ein ny rapport frå Norconsult konkluderer med at Keilevågbrua ikkje er stiv nok når det bles sterk vind. I ekstreme tilfelle kan brua kvelve. No må alle pålar byttast. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Norconsult-rapport konkluderer med at Keilevågbrua i ekstreme tilfelle kan blåse over ende, om ikkje alle pålane blir bytt ut.

DEL

Utbetring av Keilevågbrua vil nok koste meir enn ein før hadde trudd.?Ein fersk rapport frå Norconsult konkluderer nemleg med at det ikkje berre er eit par pålar som må takast. Norconsult meiner alle 28 pålar som har kontakt med vatnet må byttast ut, og at det einaste forsvarlege er at brua blir stengt også vidare.

Dette stadfestar varaordførar i Flora, Jan Henrik Nygård (V). Han er kommunen sitt bindeledd inn mot Kystmuseet. Det er Kystmuseet som eig brua, men kommunen som storbrukar er ein viktig økonomisk bidragsytar.

– Det viser seg at neste alle stolpane som går ned i sjøen er såpass dårleg at mange av dei er lause, seier han og presiserer:

– Problemet er ikkje tyngda dei må bere. Problemet er at brua ikkje er stiv nok sidevegs når det bles. I ekstreme tilfelle kan brua blåse over ende, seier Nygård.

Både kommunen og Kystmuseet jobbar no aktivt for å finne ei løysing på dette. Men Norconsult-konklusjonen tyder berre ein ting: Det er ingen vits i å mellombels utbetre brua. Heile brua må takast. Og det kostar. Eit kostnadsoverslag skal etter planen vere utarbeidd før jul.

– Uansett kva det måtte koste blir arbeidet gjennomført. Og vi arbeider så raskt vi kan, seier Nygård.

Artikkeltags