KAMPSANG: Fleirbrukshall no!!!

Artikkelen er over 15 år gammel

Dette er visa som blei framført i kommunestyret med fund og klem.

DEL

No ha vi samla stort og smått og slær et slag fø bygda

Her ve vi leve trygt og godt, te vi går av med trygda

Lovnaden om fleirbrukshall de alle har oss gjett

Sjølv om kommuna står for fall de kan ei slå retrett.

Vi kan ikkje, skal ikkje, må ikkje, bør ikkje, vil ikkje holde fred

Hallen bli’kje ferdig viss ingenting her skjer

Vi kan ikkje, skal ikkje, må ikkje, vil ikkje finne oss i det

at øvrigheita tek oss for ein flokk med dumme fe

Åh, Kåre, no må du svare på sakja snart

Kåre, vi ve no bere ha allting klart

Kåre, du i avisa va so klar

Vi ventar på eit resultat og det er JA, så klart!

I dag vi skulen bruke må, slek kan det ikkje vere

Det må de allje no forstå og noke med det gjere!

Gymsalen er ikkje tett, for liten rett og slett

Scena e’kje brukandes når vi skal holde fest

Vi kan ikkje, skal ikkje, må ikkje, bør ikkje, vil ikkje holde fred

Hallen bli’kje ferdig viss ingenting her skjer

Vi kan ikkje, skal ikkje, må ikkje, vil ikkje finne oss i det

at øvrigheita tek oss for ein flokk med dumme fe

Einar, du er vår aller beste venn

Einar, skal vi no grave litt igjen

Einar, ta på deg smilet ditt igjen

Kom og få ein diger klem!!!

Et rikt kulturliv har vi her, vi stolt av det kan vere

Store og små, dei aktiv e og møkje saman gjere

Når ting i bygda her skal skje, må vi gjere allting sjølv

Vi e’kje vande med at ting kjem rekandes på fjøl

De bør ikkje, kan ikkje, skal ikkje, må ikkje stemme hallen ned

Bygda den forfelle viss ingenting her skjer

Vi vil ikkje, skal ikkje, må ikkje, kan ikkje finne oss i det

No må vi brett’ opp ermane og jammen hjelpe te.

Artikkeltags