Den siste sikre observasjonen er framleis torsdag 2. november. Båten til Tom Fagerland vart då observert i Grannesundet ved Askvoll i Sogn og Fjordane.
– Status er heilt lik som den har vore dei siste dagane, forklarer Blikra til Haugesund avis.
Politiet har ikkje avslutta etterforskinga, og ønsker fleire konkrete tips for å komme seg vidare i arbeidet med saka.
– Vi er avhengig av nye opplysningar. Akkurat nå står vi litt i stampe, seier etterforskingsleiaren.

Resultatlaust søk etter Tom og treskøyta hans
Ingen framdrift
58-åringen er observert av mannskapet på ferja som går mellom Askvoll og Gjervik fortel etterforskingsleiaren. I tillegg er det tatt fleire bilde av fiskeskøyten «Fram».
– Det er også meldt om observasjonar av skuta ved Sotrabrua og i Bergen. I tillegg er vi i kontakt med Stord hamnestell som har ansvar for sjøområdet i kommunen. Men ingen av meldingane er sikre, og det har derfor ikkje gitt noko vidare framdrift i arbeidet vårt, seier han.
Båten som Fagerland hadde kjøpt seg var ein 33 fot fiskeskøyte med kvitt overbygg. Den hadde ein firesylinders diesel motor på 50 hk, og det blir fortalt at båten hadde ein karakteristisk lyd. Fagerland gjekk frå kai i Kalvåg nord for Florø 2. november, etter å ha kjøpt båten der.
– Det er mange båtar i området mellom Askvoll til Stord, og mange som bor langs kysten. Derfor er det veldig rart at ingen har funnet spor etter han, seier Blikra.

Har du sett Tom Fagerland eller skuta hans?