Kalvåg – Norges nye «Himmelblå»

Kalvåg

Kalvåg Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Kalvåg kan bli Norges neste Ylvingen. For over same lest som «Himmelblå», skal tysklands største fjernsynskanal RTL produsere og sende tre dramaseriar frå Kalvåg.

DEL

– Dette er utruleg spanande. Det er nesten som ein ikkje trur det er sant. Nyleg sat vi ein gjeng her og diskuterte effekten av «Himmelblå» på Ylvingen og håpa på det same her på Kalvåg. Og om ikkje så mange vekene så kjem dei hit for å byrje spele inn ein større serie.

Det seier ein særs glad Svein Arild Vatsø, sjølv filmprodusent og marknadssjef for Knutholmen, etter at Studio Hamburg har sagt ja til å spele inn tre filmseriar i Kalvåg, hovudsakleg i og rundt Kalvåg sentrum og Kvanhovden fyr.

Serien er kjøpt av- og skal sendast på tysklands største fjernsynskanal RTL. Om serien slår an kan den bli sett av kring 10 millionar.

Enormt maskineri

Storleiken på denne filmsatsinga er heilt ulikt noko ein har sett på lokalt nivå:

Studio Hamburg som skal produsere filmen har eit budsjett på 5 millionar euro. Dette svarar til om lag 35 millionar norske kroner. Og til innspelinga som byrjar 22. mai kjem tyske, kjende tv-stjerner til å innta Kalvåg. Desse kjem kring 7. mai og blir verande til innspelinga er ferdig 2. juli.

Saman med desse rullar det inn eit sirkus få har sett maken til i Kalvåg. Då trillar nemleg ei lang kolonne med tyske produksjonsbilar inn i bygda. Om dei utgjorde ei rekkje ville denne rekkja bli 300 meter lang.

– I tillegg kjem kring 50 filmfolk til å innta kystbygda, noko som vil auke folketalet med heile 15 prosent, seier Vatsø.

Kalvåg sjarmerte

Studio Hamburg hadde i utgangspunktet planar om å spele inn to filmar i Kalvåg og ein i Volda. Men etter det Vatsø kjenner til, vart art director for filmane så begeistra for Kalvåg at han ville ta til orde for å leggje alle tre filmane til bygda.

– Han skulle etter planen berre vere her ein dag. Men han meinte det var så vakkert her at han kansellerte alle avtale og valde bli her over helga, smiler Vatsø.

Torsdag og fredag kom fotografar, produsenten og regissøren for filmane til Kalvåg. Etter ein båttur til Gåsøy, Kvanhovden og Værøy, og ikkje minst i samråd med ein begeistra art director avgjorde dei samrøystes at Kalvåg var staden der tre filmar skulle spelast inn.

Utruleg god reklame

– Dette er utruleg god reklame ikkje berre for Kalvåg, men for heile regionen og heile Fjordnorge. Eg vil tru at dette kan målast med effekten «Himmelblå» hadde på Ylvingen, seier Svein Arild Vatsø og legg til at dei tyske filmfolka vil bli tekne imot med opne armar av folket i Kalvåg.

– Dette er ei utruleg viktig hending for oss, så vi kjem så absolutt til å ta varmt imot tyskarane som kjem, seier Vatsø, som har fått rolle som location manager, ein lokal tilretteleggjar, for innspelinga.

I tillegg får seks til sju personar frå bygda jobbar med frakt, innkjøp av rekvisita og som produksjonsassistentar. Det vil også vere eit glimrande høve for folk som jobbar med film lokalt å få knytt kontaktar og lære film.

Økonomisk gevinst

I tillegg til at Kalvåg på lang sikt kan bli ein reiselivsmagnet for tyske tv-tittarar, vil innspelinga i seg sjølv generere auka inntekter for handelen lokalt.

– Det er klart dei kjem til å leggje att pengar i Kalvåg. Og vi vil nok merkje det, utan at eg skal seie det heilt sikkert. Men når populasjonen aukar med 15 prosent må nok butikkar og overnattingsstader i området kjøpe inn eit brød og ein mjølkekartong meir enn ein vanlegvis bruker å gjere, seier Vatsø.

Artikkeltags