Kjem med komikk og musikk til Kalvåg Kystfestival

Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen

Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen Foto:

KALVÅG: Kystfestivalen lokkar med komikarane Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen i august.

DEL

Har du ikkje høyrt om komikarane Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen har du kanskje heilt umerkeleg blitt for gamal og låst fast i gamle rutinar? Dei var med i teamet som lagde Kollektivet på TV2 frå 2011 til 2015, saman med mellom anna Kevin «Parterapi» Vågenes og Cecilie «Cess» Steinmann Neess. I fjor fekk dei lage liksom-dokumentarserien Hit for Hit på NRK. Eit program med sketsjar om pretensiøse artistar, barnestjerner som kjem i puberteten og ein kar som lager russelåtar som får dei verkelege russelåtane til å høyrast ut som noko som Ten Sing-koret kan ha på repertoaret.

På fredagen under kystfestivalen står dei på scena i Kalvåg, same dag som Hellbillies skal ta på seg sine sylvspente boots og sparke liv i dei besøkande. Og det er Hit for Hit-programmet dei to komikarane tek med seg på vegen.

«Hit for Hit» tullar med musikk på tvers av sjangrar, artistar, folka som vi ha dei opp og fram, og mykje meir.

I konsertførestillinga «Hit for hit» gir duoen Jakob Schøyen Andersen og Fridtjof Stensæth Josefsen publikum et humoristisk innblikk i dagens musikkbransje. I denne festførestillinga tar komikarane og musikarane bak Hit for Hit med seg artistane frå TV-skjermen og inviterer dei opp på scenen, saman med lokale heltar frå lokalsamfunnet! Kanskje dukkar det også opp ein og annan klassikar frå Kollektivet?

– Dette er ein fantastisk morosam og solid booking av Norges nye humorheltar, som spesielt vil fenge de yngre av oss, men også godt mottatt av vårt vaksne publikum fortel festivalarrangør, Svein Arild Vatsø.

– Vi ønsker i større grad å inkludere alle aldersgrupper, som gir et godt og viktig samhaldet blant publikum.

Artikkeltags