No blir det kai på Skorpa

Den spede byrjinga til ny ferjekai på Skorpa. Utstyr til mudring er på plass.

Den spede byrjinga til ny ferjekai på Skorpa. Utstyr til mudring er på plass. Foto:

Grunnarbeidet er i gang.

DEL

Innbyggarane på Skorpa har lenge kjempa for å få på plass ei ferjekai på øya si, slik at fastbuande og hyttefolk kan transportere bilar til og frå på ein måte som samsvarar med 2018-standard.

I juli vart det feira at vedtak frå fylket og Flora kommune fekk pengane på plass.

Det er Florø Entreprenør som har fått oppdraget med å bygge kaia, og dei vil bruke Berg Maskin og Transport til å gjere grunn- og murerarbeid på kaia.

Det er sistnemnde som no er på plass og har starta å mudre opp. Dei skal òg mure opp sjølve kaia. Det vil bli gjort frå lekteren på bildet, med gravemaskin.

Torgeir Sunnarvik i Florø Entreprenør seier dei reknar med å komme i gong med betongarbeidet siste veka denne månaden.

- Sjølve flytebrua som bilane køyrer over for å komme inn på båten kjem ferdig levert i  byrjinga av november, opplyser han.

Det vil vere to-tre personar i arbeid frå Florø Entreprenør si side, og om lag det same frå Berg Maskin og Transport. Planen er at kaia skal leverast i februar.

- Så lenge vi ikkje får veldige stormperiodar reknar vi med at det skal få fint, seier Sunnarvik.

Artikkeltags