Jusprofessor støtter Kåre Olav Svarstad & Co

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Jusprofessor Viggo Hagstrøm støtter Bremanger og dei andre Terra-kommunane i deira pengestrid med DnB NOR.

DEL

Restgjelda Terra-kommunane har til DnB NOR er på rundt 1 milliard kroner. DnB NOR har varsla at dei vil gå til rettslege skritt for å inndrive pengane Bremanger og dei andre sju kommunane har lånt. På Bremanger kommune sin nettstad kan ein lese brevet frå advokatkontoret Lund til DnB NOR. Kommunen har hyra Lund & Co, saman med sju andre Terra-kommunar, for å innhente ei uavhengig juridisk vurdering frå ein av dei fremste autoritetane på området, professor ved Universitetet i Oslo og leiar av bankklagenemnda, Viggo Hagstrøm.

Støtter kommunen

Advokatane brukar Hagstrøm sin ekspertise og Vik-saka til å vise DnB NOR at "banken hadde kunnskap om at de midler banken stilte til kommunens rådighet skulle benyttes til investeringer i finansielle instrumenter".

Hagstrøm konkluderar, etter ein gjennomgang av kommuneloven og avtalane mellom kommunane og DnB, at kommunane ”bare skal godtgjøre den berikelse de har hatt ved lånet, altså restverdien av de finansielle instrumentene utbetalt fra konkursboet Terra Securities”. Terra-kommunane tolkar dette dithen at dei dermed vil vere gjeldfrie i Terra-saka.

Jusprofessor Viggo Hagstrøm støtter dermed Terra-kommunane i deira pengestrid med DnB NOR.

Uheldig for kommunen

På side 2 av 11 i brevet frå Lund & Co står det at "kommunen handler på vegne av sine innbyggerer, og uheldige disposisjoner rammer innbyggernes velferd, så som skoletilbud, eldreomsorg og andre grunnleggande velferdstjenester. Formålet med de klare restriksjonene kommuneloven paragraf 50 inneholder på kommunale låneopptak, er nettopp å unngå reduksjoner i slike tjenester på grunn av uheldige finansielle disposisjoner".

Begrunnelsen skal ugyldiggjøre avtalene som ble inngått mellom kommunen og banken. Det står ikke i brevet at dette er samme begrunnelse som ble brukt av journalister og kommentatorer som hevdet at kommunene selv burde ha forstått at de brøt kommuneloven.

Kontrolltvalet i Bremanger kritiserte rådmannen og kommuneleiinga i sin sluttrapport om saka - for mangelfull saksbehandling, arkivføring, bokføring og rapportering.

Knapt noko av kommunikasjonen som fann stad mellom kommunen og Terra var journalført.

Internt reglement og informasjonsplikt vart brote, heitte det i rapporten frå utvalgsleiar Audun Åge Røys (H) som kom i februar i fjor.

Støtte frå Justisdepartementet?

Justisdepartementet sitt brev til kommunane, sendt for eitt år sia, blir også teke fram som ei støtteerklæring. Departementet ser nemlig på pengane frå banken som eit "lån". Men departementet ser også det som ei plikt for kommunane å betale dette lånet:

"Slik saken er opplyst for oss, legger vi videre til grunn at kommunen sin forpliktelse til å betale DnB Markets 9.750.000 i året i ti år består uavhengig av hva som skjer med kontantstrømmene fra kraftkjøperne og med forvaltningen av engangskjøpet"

Brevet frå Lund & Co

Kommunikasjonsdirektør Trond Bentestuen i DnB NOR seier at banken har bindande og gyldige avtaler med Terra-kommunane, og at banken vil sørgje for å drive inn det uteståande beløpet.

Til NA24 seier Bentestuen at DnB NOR aldri har opptredd som rådgivar for kommunane, det var Terra Securties som hadde rådgjevarrolla.

Artikkeltags