Effektiv juletresanking

(Grøns)berga dagen: Thomas Krupi (t.v.) og Remi Grønstøl får opp juletreet på den nye plattingen utanfor Hjørnevikbua.

(Grøns)berga dagen: Thomas Krupi (t.v.) og Remi Grønstøl får opp juletreet på den nye plattingen utanfor Hjørnevikbua. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det kunne fort ha blitt eit vaskekte Mr. Bean-augneblink, men gode hjelparar redda dagen.

DEL

Barbro Furset i Byen vår Florø kjende liksom at noko mangla på den nye plattingen utanfor Hjørnevikbua. Tidlegare har det stått eit juletre der, og når det i den nye plattingen trass alt var innebygd plass til treet, nei, då må det blir tre.

– Eg tok ein telefon til Magne Hovland i Sørstrand Folkepark og høyrde med han om det ikkje var eit tre i området der som vi kunne få, seier Furset.

Magne var ikkje vanskeleg å be og dro rett på juletrejakt. Tre fant han og Furset fekk beskjed om at her var det berre å kome ned og hente. Ho fekk med seg ein hjelpar i det ho sjølv omtaler som sin «tekniske assistent», nemleg Malvin Horne:

Knut Einar Grønsberg, Magne Hovland og Malvin Horne på juletresanking på Sørstrand.

Knut Einar Grønsberg, Magne Hovland og Malvin Horne på juletresanking på Sørstrand. Foto:

– Det låg til rette for eit ordenleg Mr. Bean-augneblink ei stund der, ler ho. Optimist Horne føreslo nemleg å ta med kassebilen sin som transportmiddel for nemnte tre.

– Treet var jo, som forventa, to gonger så stort som bilen, ler ho.

Men dei visste råd. Dei tok ein telefon til Grønsberg AS og dei var ikkje vanskelege å be. Etter ti minutt var Knut Einar Grønsberg på plass med lastebil, klare til å frakte treet trygt til sentrum.

– Den mannen er ein helt. Stiller alltid opp, seier ei begeistra Furset. Karane til Grønsberg har allereie fått opp treet i sentrum og jula er med det redda i år igjen.

Artikkeltags