No kan du quize deg gjennom desember – og vinne flotte gåver kvar dag!

BLI MED OG VINN! Firdaposten-gjengen utfordrar deg på heile 24 quizkonkurransar gjennom førjulstida, og du kan vinne flotte premiar.

BLI MED OG VINN! Firdaposten-gjengen utfordrar deg på heile 24 quizkonkurransar gjennom førjulstida, og du kan vinne flotte premiar. Foto:

Av

FLORØ: Frå 1. desember og til julaftan byr Firdaposten på dagleg, sjølvprodusert video-quiz på nettsidene våre. Og vi har fått 24 gode hjelparar med på laget.

DEL

På laurdag morgon 1. desember kjem den første av i alt 24 korte video-quizar på firdaposten.no, der ein ny person frå Flora eller Bremanger vil stille deg fem spørsmål du kan gruble på. Når du har svaret ditt klart, sender du det til redaksjon@firdaposten.no, og merkar mailen med "QUIZ".

 Er du heldig, vinn du gåvekort på 1000 kroner frå ulike lokale butikkar, som er fast premie kvar dag gjennom adventstida.

Digital julegåve

Kvar morgon framover vil det dukke opp ein ny videoquiz på firdaposten.no, til og med julaftan.

– Dette er vår kalendargåve til dei digitale abonnentane våre. Og det er stor stas at samtlege vi har spurt om å lage sin vesle mini-quiz til lesarane for oss, har teke utfordringa på strak arm, seier redaktør Svend Arne Vee.

Sjølv har han verken tjuvtitta på svara, eller noko planar om å delta.

– Eg tykker quiz er moro. Men eg eig ikkje vinnarflaks, og ein vinnar skal jo trekkast ut kvar dag. Så eg skal halde meg langt unna,  smiler redaktøren.

Ny trekning kvar dag til julaftan

Trekninga vil skje klokka 15 kvar dag frå 1. til 24. desember, og vil bli kunngjort på nettavisa umiddelbart.

– Premiane kan folk kome og hente her hos oss på Firdaposten, seier Vee, som ikkje vil røpe kva lokale ansikt som dukkar opp i julekalendar-quizen.

– Nei, det må folk gå på nettet kvar morgon å sjå sjølve, slår han fast.

Om du klarar quizen ein dag og blir trekt ut som heldig vinnar, så står du likevel fritt til å delta igjen neste dag. Dermed kan du – teoretisk vinne gåvekort for 24.000 kroner, og med det ha gratis julegåver til heile familien.

Artikkeltags