– Ta omsorg for eit tre i byparken, og gi det lys i jula

Jane Berg Solheim og Mariann Nordal Midtbø i iVest consult legg siste handa på verket. iVest har tysdag pynta eit tre i byparken til jul.

Jane Berg Solheim og Mariann Nordal Midtbø i iVest consult legg siste handa på verket. iVest har tysdag pynta eit tre i byparken til jul. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

iVest har hengt opp lys i eine treet i Byparken.

DEL

– I forfjor hang Elkjøp opp julelys i tre langs Likkjevatnet. Vi ønsker å følge opp dette kjempeflotte initiativet, og gjere det samme i år.

Det seier Jane Berg Solheim i iVest Consult. Tidleg onsdag morgon la ho og kollegaen Mariann Nordal Midtbø den siste handa på verket. Måndag ettermiddag hang dei og kollegaene opp ei hundre meter lang lyslenke i eitt av trea i Byparken som ligg nærast Florø barneskole. Målet er å skape ei fin juletemning får små og store som bruker parken.

No håper dei fleire hiv seg på, slik at fleire av trea her får lys til jul.

– Det hadde vore veldig kjekt. Vi vil gjerne oppfordre andre bedrifter her i Florø til også å investere i juleglede, og ta omsorg for eit tre. Kan med å lyssette trea på Evja? Det hadde vore supert, avsluttar Solheim.

Mariann Nordal Midtbø forsikrar seg om at alt er som det skal.

Mariann Nordal Midtbø forsikrar seg om at alt er som det skal. Foto:

Artikkeltags