Jubilerer med storband-dans og konsertar

Arne Sunnarvik leiar storbandet.

Arne Sunnarvik leiar storbandet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Dans til svingande storbandmusikk fredag kveld er del av det fire dagar lange jubileumet til kulturskulen i Flora.

DEL

3. oktober 1988 var aller første undervisningsdag for det som då heitte musikkskulen.

- Då var eg nyutdanna musikkpedagog og pianist, og det var som pedagog og utøvande musikar eg såg føre meg framtida, seier Arne Sunnarvik med eit smil.

Storband-dans fredag

No har han site 25 år i rektorstolen, og neste veke feirar skulen seg sjølv med arrangement frå torsdag til søndag. Torsdag vert det konsert i kyrkja med dei yngste i junior- og kammerorkestera, samt Floraskulen Brassband.

Fredag inntek Eiliv Vaardal og rockebanda Haavebua saman med Florø Storband, som byr på swingande dansemusikk på slutten av kvelden. Her vert det gratis inngang før klokka 21, slik at den som har lyst på ein rimeleg og koseleg konsertkveld og å få varme i danseskoa kan få gjort det til favør-pris.

Laurdag er det kunstutstilling i Flora samfunnshus, pluss mange små overraskingskonsertar i sentrumsområdet. Søndag er det atter klart for kykjekonsert - då med damekoret Fryd.

Då skulen starta opp i 1988, var ein rundt på skulane og underviste. Tilbodet var breitt, med piano, strykarar, gitar, blåseinstrument, rockeverkstad, musikkbarnehage og grunnopplæring - men men likevel eit stykke frå dagens. I løpet av dei 25 åra har tilbodet blitt utvida med kunstundervisning, danseundervisning, sangundervisning, pluss at ein sender instrumentalistar til Sogn og Fjordane Symfoniorkester, arrangerer UKM, leverer dirigenttenester til ulike korps og kor og elles har eit tett samarbeid med mellom andre vidaregåande. Fleire gongar i året får små og store elevar på skulen vise seg fram gjennom konsertar og utstillingar.

Det har vore ei voldsom utvikling på desse 25 åra, og no skil vi oss ikkje så mykje frå dei andre kommunale tenestene. Aksepten for kulturskulen er brei i alle politiske parti, og vi lever i relativt fredelege tider, seier Sunnarvik, som likevel strekar under viktigheita av å stå på og utvikle seg.

Framtidsoptimist

Denne veka gjekk dei i gang med kulturskuletimen - ein time gratis kulturskuleundervisning i SFO-tida for alle elevar i 1.-4. klasse. Men Sunnarvik trur også dei har potensiale i andre enden, så og sei - på talentutvikling.

- Slike elevar er viktige, dei er med og sette ein standard for dei andre elevane - noko å strekke seg etter, trur han, og beskriv aktiviteten til kulturskulen som ein pyramidestruktur, med kulturskuletimen i botnen, den ordinære kulturskuleundervisninga i midten, og talentutvikling på toppen.

Sunnarvik trur kulturskulen har brei støtte hos folk etter desse 25 åra.

- Vi har vorte ein viktig del av infrastrukturen, så og sei, på desse åra. Vi bidreg når det gjeld å bygge opp kunnskap innanfor estetiske fag, og gjennom samarbeidet med det frivillige musikklivet, som korps og kor. Dessutan er vi med på å gjere Flora kommune meir attraktiv å busette seg i, meiner han.

Og han er optmistisk med tanke på framtida:

- Ja! Vedtaket i bystyret som seier at kulturskulen skal inn i samfunnshuset frå 2019 må bety at ting blir enno betre. Vi har gode lokale per i dag, men vi manglar plass til dansen, og det reknar vi med skal komme på plass med ei flytting, avsluttar han.

Artikkeltags