Jordskjelv på 3,1 vest for Askvoll

Det er registrert jordskjelv på kysten av Sogn og Fjordane.

DEL

– Det var registrert eit jordskjelv med episenter cirka 40 kilometer vest for Askvoll klokka 21.55 måndag kveld. Det var 3,1 på Richters skala, seier Mathilde Sørensen som er seismolog ved Universitetet i Bergen til Firda.

Fleire merka skjelvet måndag kveld. Det er registrert kraftig buldring og risting langs store delar av kysten i fylket, frå Gulen i sør til Askvoll i nord.

– Dei som blir ramma av skjelv på denne storleiken vil merke skjelvet i kort tid, kanskje eit par sekund. Slike skjelv er ikkje uvanleg at ein høyrer, meir enn ein merkar dei i bakken. Lyden kan samanliknast med lyden frå ein lastebil, forklarer Sørensen.

– Vil det komme fleire skjelv?

– Det kan komme mindre etterskjelv, men desse vil truleg vere så små at folk ikkje merkar dei. Det kan komme større skjelv, men det er veldig usannsynleg, seier ho.

Området der det var jordskjelv er eit område der dei ein veit at det er aktivietet, ifølge Sørensen.

Ifølge Store norske leksikon vil eit skjelv som er tre på Richters skala ha ein verknad nær episenteret som er slik at det merkast av nokre. Skalaen går opp til omkring ni trinn, der ni er største skjelv.

Artikkeltags