No er det klart når politiet skal heve bilen frå Jølstravatnet

BIL TEKEN AV RASET: Politiet har fått ei ekstraløyving som gjer at dei no kan sette i gang arbeidet med å heve bilen frå Jølstravatnet.

BIL TEKEN AV RASET: Politiet har fått ei ekstraløyving som gjer at dei no kan sette i gang arbeidet med å heve bilen frå Jølstravatnet. Foto:

Politiet har fått ei ekstraløyving som gjer at dei kan heve bilen som hamna i Jølstravatnet under uvêret i sommar. Bilen vil bli heva i løpet av november.

DEL

(FIRDA.NO):– Dette er ei sak som har rørt ved eit heilt lokalsamfunn. Det har gått tid å få svar på om bilen vil bli heva, og dette har sjølvsagt vore ei ekstra belastning for dei pårørande. Derfor er det veldig bra at vi no kan gå i gang med jobben, og at pengar er stilt til disposisjon.

Det seier Arne Johannessen, leiar for politiet i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Politidirektoratet har innvilga søknaden frå Vest politidistrikt om ei tilleggsløyving for å få heva bilen som hamna i Jølstravatnet då han vart tatt av ras i Jølster 30. juli i år. Bilen ligg på 170 meters djupne, 660 meter ute i vatnet. Ein person er stadfesta omkommen etter raset.

Ifølge pressemeldinga vil kontrakten bli signert neste veke. Og dersom alt går etter planen vil arbeidet starte 11. november. Arbeidet er venta å ta rundt 14 dagar.

– Detaljar rundt hevingsarbeidet, korleis det blir gjennomført og kor raskt vi kan komme i gang, er spørsmål vi skal diskutere med leverandøren. Vi håpar å komme raskt i gang, men det viktigaste er at arbeidet blir gjennomført forsvarleg og med den verdigheit eit slikt oppdrag krev, seier Johannessen.

Arbeidet har vore på anbod. Det kom fire tilbod i konkurransen. Norwegian Tunnel Inspection AS er tildelt kontrakten og skal gjere jobben for 991.113 kroner ekskludert meirverdiavgift.

Politiet: – Vi har sendt søknad om ekstraløyving

Politiet har anbodsrunde for å få heva bilen i Jølstravatnet

Artikkeltags