Jervespor sett i Ålfoten

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Tydelege jervespor vart observert i Ålfoten søndag. Rovviltkontakt Ingolf Folven kunne bekrefte ut frå eit sms bilete at det utan tvil var ein jerv som hadde vore på ferde. Jerven har også vore sett visuelt i Svelgen sentrum, av ein hundeeigar.

DEL

Det var søndags formiddag at Rune Verlo oppdaga spora i hagen sin i Ålfoten. Han tok eit raskt bilete av spora, og sende det til ein av sine kollegaer Rune Rindal.

- Eg sende bildet til rovviltkontakt Ingolf Folven i statens naturoppsyn for å høre om han kunne gjenkjenne spora ut frå bilete. Han hadde ingen problem med å identifisere spora, fortel Rindal.

Ifølgje Folven kan det vere eit streifdyr som kan ha oppdaga ein død hjort, og dermed tatt turen til Ålfoten. Hanndyr streifar ofte over store område, men er svært sky ovanfor menneske. Jerven er ikkje farleg for menneske.

Bjørn Marthinussen fagkonsulent skog og utmark i Bremanger kommune kunne også fortelje at jerven har vore observert i Svelgen sentrum. Ein hundeeigar lufta hunden sin, då jerven kom springande ut av skogen etter hunden. Den lille kvalpen hadde flaks, og kom seg i sikkerheit før jerven tok den.

Hundeeigaren fortel historia si i Firdaposten torsdag.

Artikkeltags