- Jegerane må yte sitt

JEGERMARSJ: - Klarer vi å få alle jegrane i kommunen å yte verdien av ei eske patroner, klarer vi å redde den flotte hjorteskulpturen i byparken og meir til, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter Johan Trygve Solheim. Arkivfoto: Svend Arne Vee

JEGERMARSJ: - Klarer vi å få alle jegrane i kommunen å yte verdien av ei eske patroner, klarer vi å redde den flotte hjorteskulpturen i byparken og meir til, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter Johan Trygve Solheim. Arkivfoto: Svend Arne Vee Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

FLORØ: Dagleg leiar for Norsk Hjortesenter på Svanøy, Johan Trygve Solheim, meiner kvar jeger i Flora bør avsjå verdien av ei eske ammunisjon for å få hjorteskulpturen ståande i byparken.

DEL

Hjort er og har alltid vore ein sentral naturressurs i Flora kommune. Dette samt at Florø er 150 år i år, meiner Johan Trygve Solheim på Norsk Hjortesenter er grunn god nok til at kvar jeger må yte sitt til Lilleba Nybø sitt prosjektet. Han går no i bresjen for at jegerane gir verdien av ei eske ammunisjon.

1000 jegerar

– Det er opp under 1000 hjortejegerar i Flora så om alle yt verdien av ei eske ammunisjon, altså 500 kroner, kan vi kjøpe to slike skulpturar, seier han.

Solheim fortel engasjementet Lilleba Nybø har røyst er viktig for identiteten Florøfolk har til hjort og til jakt. Han har sjølv ytt verdien av sin ammunisjon denne sesongen, og oppmodar jegerane elles i kommunen å gjere det same.

Skulle gjerne hatt

– Skulpturen er så fin at vi gjerne ville ha hatt den ute på Svanøy og Hjortesenteret. Men det har vi ikkje råd til. Difor er det betre at vi kan ha den ståande i Florø slik at alle får glede av den. Så her er det berre å kople seg på nettbanken og taste inn, slår han fast. Solheim legg også til at hjorten i byparken er noko både Lilleba Nybø og byen fortener i jubileumsåret.

Kontonummeret til prosjektet er 3790.15.22511

Artikkeltags