– Vi må truleg vente lenger på svaret frå ministeren

Ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (f.v.) Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad og floraordførar Ola Teigen.

Ordførar i Bremanger Audun Åge Røys (f.v.) Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad og floraordførar Ola Teigen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Onsdag 5. april klokka 13.00 legg kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fram proposisjonen om endringar i kommunestrukturen til Stortinget. Det opplyser departementet i ei pressemelding.

Måndag vedtok også Flora kommune den justerte intensjonsavtalen om samanslåing med Vågsøy kommune. Same dagen gratulerte ministeren Flora og Vågsøy med inngått avtale.

– Jeg vil gratulere Vågsøy og Flora med deres vedtak om å slå seg sammen og bygge en ny kommune sammen, til det beste for innbyggerne. Det er positivt at kommuner ønsker å møte fremtiden sammen, for å sikre innbyggerne gode velferdstjenester, nå og i årene fremover, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Fjordenes Tidende, før han la til.

– Lokalpolitikerne i Vågsøy og Flora har vist lederskap og tatt ansvar, og jeg håper de nå på veien videre vil finne gode løsninger for den nye kommunen.

I helga var det landsmøte i Venstre. Etter det Firdaposten kjenner til blei bruk av tvang overfor Bremanger diskutert sentralt i partiet. Venstre har vore aktivt støtteparti for regjeringa i saker som gjeld endring av kommunestruktur. Så får vi sjå i morgon då, om ministeren let Bremanger halde fram som eigen kommune, eller ikkje. Ordførar Ola Teigen (Ap) trur ikkje det kjem ei avklaring i morgon.

– Då blir eg i så fall overraska. Eg trur ikkje han kjem med noko konkret om Bremanger før han legg fram kommuneproposisjonen i mai. Det er i alle fall det vi har halde oss til sidan vi er så seint ute som vi er, og sidan Fylkesmannen enno ikkje har komme med sin tilråding. Den kjem ikkje før 20. april, seier Teigen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken