I månadsskiftet mai-juni starta brørne Ole Johni og Knut Roger Havn opp med camping i Eikefjord. Sjølv om det er langt frå fullt opplev dei ein jamn straum av norske og utanlandske turistar. Dei har mellom ein til fire bubilar dei fleste nettene.

– Det har vore ganske bra. Men det er ikkje fare for at det er fullt, for å sei det slik, seier Ole Joni Havn til Firdaposten. Det er plass til 15 bilar på plassen. Havn forventar at dei vil få fleire gjester neste sommar.

– Vi reknar med at det tek litt tid å bli kjent. Vi må komme inn i bøker og slikt. Dessutan ventar vi på skilting, seier Havn.

Brørne har investert mellom 350 000 og 400 000 kroner i campingplassen som for tida er den einaste overnattingsmoglegheita i Eikefjord. I tida framover skal dei merke plassane betre og lage ein dusj til.

– Vi vil også forlengje gjestebrygga. Vi har straum til både båt og bil slik at vi også kan ta i mot gjestebåtar, seier Havn.

Sjølv om dei endå ikkje har opplevd at det er fullt på campingplassen har Havn tru på at det skal skje under Eikefjorddagane.

– Vi har allereie folk som har tinga plass til Eikefjorddagane.