Jaktfangsten på papir eller internett

Artikkelen er over 11 år gammel

Jegerane kan spare 165 kroner ved å halde fristen for å sende inn jaktrapportane.

DEL

Alle som har betalt jegeravgifta for jaktåret 2006/2007 er pålagt å rapportere resultatet til Statistisk sentralbyrå. Dette må gjerast sjølv om ein ikkje har vore på jakt siste jaktår, eller har vore på jakt utan å få fangst.

Ved å melde frå innan fristen, 1. mai 2007, bidreg jegerane til at jaktstatistikkane blir best moglege. Dei som ikkje rapporterer innan denne datoen må betale ei tilleggsavgift på kroner 165.

Det er to måtar å gi melding om jaktresultatet.

Anten bruke det tilsendte rapportskjemaet, eller ein kan klikke seg inn på Statistisk sentralbyrå sitt elektroniske rapporteringssystem.

Artikkeltags