Har aldri vore felt meir hjort enn no

Aldri før har det blitt jakta og felt fleire hjortar i Sogn og Fjordane enn i 2017.

Aldri før har det blitt jakta og felt fleire hjortar i Sogn og Fjordane enn i 2017.

Artikkelen er over 2 år gammel

Hjortejegerane i Sogn og Fjordane sette ny historisk rekord i fjor.

DEL

For få år sidan frykta fleire for hjortebestanden i fylket, etter eit par harde vintrar og ein liten bestandsknekk. No viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå og Hjorteviltregisteret at vi har hjort i skogane som aldri før.

For første gong blei det skote over 12.000 hjortar på ein jaktsesong i Sogn og Fjordane. Det er knappe 300 fleire enn i rekordåret 2010, då det blei bokført 11.771 felte dyr.

Kan ende på 12.800

Men rekorden kjem til å bli endå større, spår viltforvaltar i Bremanger, Bjørn Henry Martinussen:

- Så vidt eg veit er ikkje jaktresultata frå Naustdal kommune plotta inn enno, og med eit normalår der, vil vi totalt ende på rundt 12.700-12.800 dyr, seier Martinussen, som sjølv opplevde ein fellingsvekst på 101 dyr i sin kommune i fjor.

- Kva betyr dette for løyvetildelingane for neste år?

- Det tilseier vel at vi bør auke kvotane noko, og etter mitt syn er det yngre dyr vi bør skyte meir av. Når vi ser på veksten i Bremanger i fjor (101 dyr), så var 84 prosent av desse eldre/vaksne dyr. Og det er ikkje heilt ideelt, meiner viltforvaltaren.

Stryn har blitt størst

Elles viser tala svært stor fellingsvekst i Lærdal, på rundt 700 dyr. Det er ei planlagt nedskyting av den lokale stamma, sidan lærdalshjorten beitar nært områda der CWD-smitten har råka villreinen.

Når det gjeld største hjortekommune, er det Stryn som no har teke over hegemoniet i Sogn og Fjordane. Her blei det tildelt 1223 løyve i fjor, og felt 1098 dyr, som gav ein fellingsprosent på så vidt under 90.

Artikkeltags