Ja til gang-og sykkelveg i Svelgen

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Bremanger-politikarane gjev klarsignal for bygging av gang-og sykkelveg frå Breivika til Svelgen sentrum.

DEL

Reguleringsplan for bygging av fortau på strekninga Svelgen skule/barnehage til Breivika ligg no føre, klar til å leggast ut til ettersyn.

Planen skal sikre trafikken på strekninga, der det er høvesvis stor trafikk både av privatbilar og tungtransport. Planen omfattar heile vegbreidda inkludert sideterreng. Fortau er regulert på nedsida av vegen med 2,5 meter breidde, der det er oppmerka felt for gang-og sykkeltrafikk i dag.

Arbeidet skal gjennomførast av Vegvesenet, som også har ansvaret for vedlikehald av riksvegen med fortau.

I planen er det også rekna med flytting/fornying av veglys.

Artikkeltags