Inviterer til VM i reinlendar

Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Naustedalen Spelemannslag arrangerer verdsmeisterskap i reinlendardans den 20. oktober.

DEL

Sjølv om «reinlendarverda» er realaltivt lita i omfang, blir det spenning og moro i Naustdalshallen.

-Ideen til tevlinga fekk vi då det vart skipa til VM i Innherredspols i Steinkjer i fjor haust. Tidlegare i haust vart det skipa til VM i Rørospols på Røros, seier Einar Eimhjellen, leiar i Naustedalen Spelemannslag.

I Naustdal har reinlendardansen alltid stått sterkt, og hos dei gamle spelemennene var det ingen danstype som vart spelt betre enn reinlendar. Det finst eit stort repertoar av reinlander i Naustdal.

-Vi har fått tilbakemelding frå eit ti-tals par som vil delta, men vi vonar det vil bli mellom 20 og 30 par i verdsmeisterskapen, seier Eimhjellen.

Spelemannslaget inviterer gammaldansmiljøet til VM og gammaldansgalla i bygda. Det kjem heile tre gjestelag, og hovudgjest blir Austrheim Musikklag frå Gloppen. Dei andre som skal spele er Førde Trekkspelklubb og Dalsfjorden Spelemannslag.

Artikkeltags