1. intrikat: Mette lærer Kalud frå Somalia å strikke. Det er ikkje berre-berre å stokke fingar, pinnar og garn til å byrje med! 2. konsentrasjon: Lang lang rekke med damer som har fullt fokus på saumen. 3. moro må vi ha: Maranata har fått ferdig kjolen sin, og det er ingen utveg for Mette - den må prøvast på! 4. lett som ein plett: 12 år gamle Noor frå Syria strikkar skjerf: – Det er kjempelett, seier ho nøgd, – når eg er ferdig skal eg strikke lue.alle foto: liv standal

Den store sy-vennskapen

Kvar onsdag klokka fem strøymer det damer i alle fargar og fasongar inn dørene på Flora ungdomsskule. Dei set kursen målbevisst mot symaskinene på kunst- og handverksrommet og og snart sit dei med arbeid i enno fleire fargar og fasongar mellom hendene.
Publisert