Braut seg inn vindauget, gjekk ut døra

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I helga fekk politiet melding om at det har vore innbrot i eit hus på Rota. Nokon har tatt seg inn gjennom vindauget og gått ut igjen gjennom døra, opplyser politiet.

Sist eigarane var i huset var i pinsa, så det har skjedd mellom 20.-21. mai og helga som var.

Politiet oppfordrar publikum til å ta kontakt dersom nokon veit noko som kan ha samanheng med hendinga.

Artikkeltags