Uønskt besøk på sjukehuset blir melde til politiet

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Firdaposten fekk laurdag formiddag eit tips om at det sto eit vindauge opent på sjukehuset. Ein stol står plassert inntil veggen på utsida, tilsynelatande for å gjere det lettare å klatre inn og ut. Tipsaren lurte på om det var nokon som hadde tatt bustad i den fråflytta bygninga.

Vindauget er ikkje knust, så korleis dei eventuelt har kome seg inn blir berre spekulasjonar. Firdapostens helgevakt rykka ut for å ta ein titt, og rommet med det opne vindauget var tomt på det tidspunktet. Det såg ikkje ut til å ha vore gjort noko hærverk, men det kan sjølvsagt vore annleis lenger inn i bygningen.

Kommunen er varsla og har hatt folk ute for å sjekke stoda. Dei konstaterer at det nok har vore eit uønskt besøk. Det er uvisst om det er noko som er stole, men saka vil uansett bli melde til politiet.

Artikkeltags