Innbrot på samfunnshuset

Artikkelen er over 1 år gammel

Mann fekk med seg kontantar.

DEL

Laurdag kveld fekk politiet melding om eit innbrot i kafeen på samfunnshuset i Florø.

Måndag føremiddag seier politistasjonssjef Wenke Hope at dei betraktar innbrotet som oppklara.

- Det har vore ei ransaking i dag, og ein 25 år gammal mann har vore inne til avhøyr. Mannen fekk med seg nokre kontantar ved innbrotet, opplyser ho.

Hope kan ikkje seie noko om korleis mannen kom seg inn.

Køyrde utan lappen

Hope opplyser vidare at patruljen stansa ein bilførar i Florø måndag føremiddag.

Mannen vart kontrollert, og det viste seg at han køyrde utan førarkort.

Artikkeltags