Ingen praktisk innverknad på Elkem Bremanger

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Men hovudtillitsvald Knut Sande fryktar langsiktige konsekvensar.

DEL

– For krafttilgangen sin del trur eg ikkje det har nokon økonomisk innverknad for Svelgen i den næraste framtid.

Det seier hovudtillitsvald ved verket, Knut Sande.

Han fryktar likevel at Elkem-eigar Orkla, under påskot av satsing og langsiktigheit, i realiteten er i ferd med å byggje ned verksemda bit for bit.

– Kva vil skje med Elkem Bremanger i framtida? Og kva vil dei med Elkem? No har dei allereie selt aluminiumsverka og vasskraftverka. Kva blir det neste som vil ryke? Dette er noko eg uroar meg for, seier han.

Artikkeltags