Kommunen trugar med dagbøter om ikkje dette gjerdet blir fiksa

GJERDET: Kommunen varslar tvangsmulkt om det ikkje blir sett opp gjerde mellom enden av Industrivegen og industriområdet og båthamna.

GJERDET: Kommunen varslar tvangsmulkt om det ikkje blir sett opp gjerde mellom enden av Industrivegen og industriområdet og båthamna. Foto:

DEL

Flora kommune trugar eigaren av industriområdet heilt vest på Dignereneset i Florø med dagbøter på 500 kroner dagen dersom eit gjerde som skil Industrivegen og industriområdet ikkje blir utbetra. Det kjem fram i eit brev kommunen har sendt til grunneigar Ving Eiendom AS.

Ifølge Flora kommune er gjerdet i så dårleg stand at det er fare for personskade. Kommunen gav 24. februar i år førehandsvarsel om at gjerdet måtte ordnast, for å unngå tvangsmulkt. Fristen vart sett til 18. mars. Etter dialog med Ving Eiendom AS vart fristen deretter sett til 30. juni. I det siste brevet datert 8. juli skriv Flora kommune at dei «ikkje har motteke dokumentasjon på at forholdet er retta innan den frist som vert sett». Samstundes set dei den endelege fristen for å utbetre gjerdet til 5. august, med krav om skriftleg tilbakemelding når gjerdet er på plass.

Styreleiar Victor Hellesen i Ving Eiendom AS ønsker ikkje å kommentere saka overfor Firdaposten.

Artikkeltags