NCC Industri vil etablere fabrikk på Nesjane

INDUSTRI: NCC Industri AS planlegg å bygge eit mobilt asfaltverk på Nesjane i Eikefjord (t.h.)

INDUSTRI: NCC Industri AS planlegg å bygge eit mobilt asfaltverk på Nesjane i Eikefjord (t.h.) Foto:

EIKEFJORD: Planlegger mobilt asfaltverk.

DEL

NCC Industri AS planlegg å setje opp eit mobilt asfaltverk på Nesjane i Eikefjord. Føremålet er å forsyne marknaden i Flora og nabokommunane med asfalt, skriv NCC i deira brev til Flora kommune.

I tilknytning til asfaltverket vil dei setje opp ei brakkerigg og eit lagertelt på 15x20 meter for lagring av asfaltgranulat. Asfaltgranulat er gammal asfalt som er knust og som blir nytta igjen i ny asfalt.

– Støy frå den planlagde fabrikken er regulert av forureiningsforskrifta §24.3. Den planlagde fabrikken tilfredsstiller krava her med god margin, skriv NCC Industri i brevet.

Det vil vere to fast tilsette ved fabrikken.

Artikkeltags