Sjokolade med godt samvit

Artikkelen er over 2 år gammel

EIKEFJORD: Søndag kveld inviterte In-Spire og Ingebjørg Giil til sjokoladekurs. Firdaposten nytta høvet til å ta ein tur for og smake på godbitane.

DEL

Nokre av oss likar kanskje sjokolade litt for godt? Søndag kveld kom Ingebjørg Giil til In-Spire for å lære bort korleis du kan lage sjokolade som du kan ete med godt samvit.

Lite måltid

– Dette er økologisk sjokolade og kakao. Det gjer at den behaldar mesteparten av næringsstoffa. Magnesium. Kalsium. Ant-oksidanter. Så dette er sunn sjokolade. Den er dessutan så mektig og rik på smak at den nesten blir som eit lite måltid. Du tek kanskje ein liten bit for å kose deg, i staden for å sitte og fråtse.

Utan tilsett sukker

Sjokoladane du lærer å lage er utan tilsett sukker. I staden tyr man til andre søtningsstoffer. Som lucumapulver, laga av ein Sør-Amerikansk frukt. Den smakar litt som karamell og vanilje og fungerer både som smakstilsetning og søtingsmiddel.

Firdapostens utsende fekk smake litt på godsakene og kan felle ein dom. Det er nok meir eit supplement enn eit substitutt for Freias melkesjokolade dette. Meir konfekt enn Kvikk-Lunsj, men garantert gøy å lage!

Sjokolade med søt-salte cashewnøtter

Du treng:

1 dl cashewnøtter

1 ss Sukrin

1 ss agavesirup

1 ts naturleg havsalt

100 g kakaomasse

50 g kakaosmør

20 g agavesirup

20 g kokosblomstsirup eller yaconsirup

1 ts vaniljepulver

Slik gjer du:

- Rist cashewnøtter i ein tørr, varm steikepanne til dei begynner å bli gyldne.

- Ha agavesirup, Sukrin og havsalt over, og røyr godt.

- Ta vekk frå plata og let blandinga bli kald.

- Smelt kakaomasse og kakaosmør i eit vatnbad.

- Bland så inn agavesirup, kokosblomstsirup eller yaconsirup og vaniljepulver.

- Sprei den kalde nøtteblandinga utover i botn på ein stor firkanta form, og hell sjokoladen over.

- Sette i kjøleskap til den har stivna.

- Del opp i bitar før servering.

Artikkeltags