Imponerande dans i Svelgen

Entusiasmen var stor

Entusiasmen var stor Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

I tre dagar har elevar ved Svelgen skule gått på dansekurs. Laurdag viste dei fram det dei hadde lært.

DEL

I alt 44 elevar frå 1-10 klasse har dei siste dagane gått på dansekurs i den gamle skulen som i dag husar ungdomsklubben "Realen".

- Dette har blitt lange dagar, men det har vore veldig moro, fortel ungdomsleiar Anita Løver. - Dette har absolutt gjeve meirsmak, og vi satsar på å arrangere fleire kurs utover hausten og vintaren. Vi har hyra inn Lisa Giil frå Bremanger Kulturskule som instruktør denne gongen, vi håper at nokre av dei eldste skal bli inspirerte slik at dei kan stille som instruktørar ved seinare høve. Det neste kurset blir allereie i desember, og det blir eit nytt kurs i vinterferien. I november skal 7-10.klasse ha oppvisning under kulturnatta på Svelgen Hotell, fortel Løver entusiastisk og strekar under at interessa for å delta er stor.

Lisa Giil, kjend som ein av dei særs dyktige dansarane i Florareveyen, var godt nøgd med kurset.

- Det har vore kjempekjekt, elevane har vore lærevillige og har blitt veldig flinke på berre tre dagar, smilar ho. - Eg trivs veldig godt med å arbeide som instruktør, og satsar absolutt på å gjere meir av det i framtida, fortel ho.

At elevane har nytt godt av ein kyndig instruktør er det ingen tvil om. For oppvisninga var imponerande og det var tydelig at dei hadde det morosamt.

Artikkeltags