Ikkje pengar til veg i Flora og Bremanger

Artikkelen er over 10 år gammel

Flora og Bremanger får ikkje pengar til vegprosjekt i krisepakken.

DEL

Vegane som får midlar er:

?10 millionar kroner er føreslått til riksveg 60 mellom Innvik og Olden i Stryn kommune. Midlane skal brukast til mindre utbetringstiltak på eksisterande veg.

?16 millionar kroner til gang- og sykkelvegar, fordelt på 10 millionar kroner til Farsund-Kusslid (E39) og 6 millionar kroner til Haugland-Haugen (Rv 15)

?3 millionar kroner til ny bru ved Kvernelva (Rv 604), 1 million kroner til utviding av Hestavollen bru (Rv 13) og 2 millionar kroner til ny bru ved Vassenden (E39)

?10 millionar kroner til utbetringstiltak ved Sæltun-Stuvane (E16), 1 million kroner til rassikring ved Eid-Kongsnes (Rv 15), 0,5 million kroner til tiltak for rassikring ved Luster-Øksnavika (Rv 55) og 2 millionar kroner til rassikring ved Ulvsåna (Rv 609)

?På trafikksikringsområdet er det sett av 15 millionar kroner til ulike drifts- og vedlikehaldsprosjekt, 3 millionar kroner til rasteplass ved Nærøydalen (E16) og 2 millionar kroner til busslommer ved Ytreeidet (Rv 15).

Det er sett av 12 millionar kroner til breiddeutviding og lys i Lotetunnelen (E39), 38 millionar kroner til rehabilitering av Flenjatunnelen (E16), 15 millionar kroner til ulike prosjekt innan vedlikehald av tunnelar og 4 millionar kroner til forsering av prosjekt ved Askvoll ferjekai (Rv 603).

I Sogn og Fjordane skal det gjennomførast tiltak for 18,5 millionar kroner:

?Vedlikehald av Førde trafikkstasjon for 0,5 millionar kroner

?Vedlikehald av Høgskulen i Sogn og Fjordane for 3 millionar kroner

?Samlokalisering Høgskulen i Sogn og Fjordane for 15 millionar kroner

Kulturminne

?Reparasjonar på Yris hotell, gjestgiveri frå 1790-åra i Eid kommune

?Reparasjonar på Sellevåg treskofabrikk frå 1899 i Gulen kommune

Artikkeltags