– Ikkje dramatisk enno

Artikkelen er over 15 år gammel

FLORØ: Arne Petter Grindheim har vore sportsleg leiar i FSK den siste tida. Han meiner tabellen ikkje viser eit klart bilde av situasjonen i A-laget. – Vi tek tabellsituasjonen på alvor, men vil ikkje krisemaksimere.

DEL

Grindheim meiner situasjonen for Florø Sportsklubb sitt A-lag ikkje er så dramatisk som folk trur, sjølv om laget no er sist på tabellen med tre poeng.

– Vi har mykje bra på gang, og vi skal komme ut av dette med æra i behold. Vi har mykje å jobbe med, og mykje av arbeidet er no inne i den siste fasen, seier han. Han meiner svaret ikkje ligg i handling og skippertak, men snarare i halde fram slik dei har jobba til no.

Vanskeleg start

– Vi har fått ein vanskeleg start, og det kan alle sjå på tabellen. Men i vår har vi hatt mange vanskelege bortekampar. Det er ingen lag som har spelt oss ut, og vi har langt frå vore slaktoffer. Vi har sleppt inn 22 mål, og dei like over oss har sleppt inn meir. Med ein siger blir det ein annan giv i laget, så eg ser ikkje så mørkt på dette, seier Grindheim.

Det han fryktar er at ein tek til å peike på syndebukkar, noko som fort skjer med tre poeng og jumboplass.

– Det er ikkje krise i FSK. Vi må no jobbe som eit kollektiv og ikkje gå ut og peike på syndebukkar, seier han. I går var sportsleg leiar i kontakt med spelarutvalet som kalla inn leiar og sportsleg leiing til møte.

– Vi jobbar med å komme oss høgre på tabellen. Vi har ulike løysingar, men vi vil ikkje kommentere desse inngåande i avisa før vi har snakka med spelarane, seier Grindheim.

Må halde plassen

Han meiner at dei rutinerte spelarane må vere ryggrada i laget, men no ligg fokuset først på å bli i divisjonen.

– Det er meir enn nok gode fotballspelarar i laget til å forsvare plassen, og står vi no saman frå toppen i klubben til spelarar som aspirerer til debut, har vi det som skal til for å klatre. Og no kan det berre gå ein veg, og det er oppover, presiserer Grindheim.

Les meir om krisa i FSK i papirutgåva torsdag.

Artikkeltags