13. og 14. september er det duka for den andre hydrogenkonferansen i Florø. I fjor var 170 påmelde frå 6 nasjonar. Kring 160 av desse var frå Norge eller frå Sogn og Fjordane. I år er 100 personar frå heile 11 ulike land representert. Det gler prosjektleiar Elisabet Kjerstad Bøe i Hydrogenregion Sogn og Fjordane.

– Interessa frå heile verda er ingenting anna enn fantastisk. Sidan i fjor har vi klart å bygge eit globalt kontaktnettverk, men i all hovudsak har Hydrogenregionsatsinga marknadsført seg sjølv, smiler Bøe.

Den maritime energi- og hydrogenkonferansen er eit samarbeid mellom Hydrogenregion Sogn og Fjordane, GCE Subsea og Maritim Forening Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Blir lagt merke til i Europa

Hydrogenfokus i Europa

For det er ein internasjonal strømning på gang i retning utsleppsvennleg hydrogenteknologi. I fleire storbyar i Europa går allereie bussar på hydrogen, det same gjer kostebilar og søppelbilar. Japan har så langt installert 180 hydrogenstasjonar, og planlegg å rulle ut 160 nye innan 2020. Dei tek også mål på seg at det innan kort tid vil rulle kring 40.000 hydrogenbilar på vegane i Japan. Og i Tyskland jobbar dei med å få på plass eit hydrogentog.

Men Sogn og Fjordane tek global førarposisjon når det gjeld å nytte hydrogenteknologien på sjøen.

– Teknologien er der. Det må berre tilpassast og godkjennast for maritim bruk. Vi ventar enno på støtteordningar for hydrogen-pilotprosjekt, og at regjeringa gir instruksar til Enova om å gi støtte til hydrogenprosjekt, seier Bøe.

Ting på gang

Og det er ting på gang. I Rogaland skal dei ha på plass ei hydrogenferjer for visse samband innan 2021.

– Her i Sogn og Fjordane skal alle dei fylkeskommunale, regionale rutene ut på anbod snart. Og vi i fylkeskommunen ser på korleis vi kan redusere utsleppa betrakteleg. Då er elektrisitet eller hydrogen to av tinga vi ser på. Vi kan ikkje utelukke at det kjem hydrogenstrekningar i Sogn og Fjordane. Det er mykje kunnskap som tilseier at ikkje alle strekningane er eigna for batteridrift. Det vil bli for tungt, og for langt mellom ladestasjonane til det, seier Bøe.

Ekspressbåten mellom Bergen og fylket vårt er eitt alternativ som kan eigne seg for hydrogendrift. Spesielt med tanke på at dei fire ekspressbåtane som går står for 42 prosent av klimagassutsleppa frå fylkeskommunal transport i Sogn og Fjordane, er det høgst relevant å vurdere utsleppsnivået når desse rutene skal ut på anbod.

I tillegg driv prosjektleiar Trond Strømgren og gruppa bak pilotprosjektet GKP7H2 med utviklinga av fylkets første hydrogenbåt. Denne er allereie på teiknebrettet til Brødrene Aa. Det er berre det tekniske og det finansielle som står att før denne kan byggast.

Her i Sogn og Fjordane skal alle dei fylkeskommunale, regionale rutene ut på anbod snart. Og vi i fylkeskommunen ser på korleis vi kan redusere utsleppa betrakteleg. Då er elektrisitet eller hydrogen to av tinga vi ser på.

Like utfordringar

Hydrogendrivne båtruter er Ian Garman frå Orknøyane sin store draum. Han jobbar for den frivillige organisasjonen Community Energy Scotland, som i all hovudsak går ut på å rettleie lokalbefolkninga på øygruppa med tanke på å kunne ta utbytte av energiproduksjon.

– Skipstransport er hovudkjelda til klimagassutsleppa på Orknøyane. Passasjerbåtflåten som går mellom øyene er gammal. Den nyaste er frå 1998. Når desse skal bytast ut er eg stornøgd om berre ein av desse kunne gå på hydrogen. Men sjølv om vi har støtte frå dei skotske styresmaktene, er vi langt bak Sogn og Fjordane når det gjeld realiseringa av ein slik passasjerbåt, seier Garman.

Ian Garman var til stades under hydrogenkonferansen i fjor, og skulle etter planen vere med på årets. I staden må han attende til Orknøyane for installasjonen av ein brenslecelle. Denne brenslecella blandar hydrogen og oksygen, for å lage elektrisitet.

Elles har Orknøyane og Sogn og Fjordane ein del felles problemstillingar: Sjølv om dei produserer ein del straum, og har ein eigen oljeterminal der, er både elektrisiteten og drivstoffet dyrare på Orknøyane enn på fastlandet. Det jobbar Community Energy Scotland med å få gjort noko med.

– På ei av øyene eig dei kring 150 innbyggarane ei vindmølle som er kopla til straumnettet. Men det er grenser for kor mykje straum den har lov til å eksportere til nettet. No jobbar vi difor i lag med dei for å nytte overskotskrafta til å lage hydrogen, som igjen kan produsere meir straum som dei kan selje, fortel Garman.