– Vi har allereie kontakt med åtte i fylket som har lyst til å gå i gang med forprosjekt og kartlegging for å kunne starte eit utviklingsløp innan hydrogen. Svært mange av desse går på lokal produksjon av hydrogen. Flora kommune sitt passasjerbåtprosjekt er også eitt av desse prosjekta.

Det seier Elisabeth Bøe. Ho leiar fylket sitt toårige prosjekt med det ambisiøse namnet Hydrogenregion Sogn og Fjordane. Men namnet er forteljande om kva som er den framoverlente målsettinga med prosjektet: Fylket skal bli marknadsleiande innan hydrogensatsing, spesielt retta mot maritime næringar.

LES OGSÅ: Hydrogenssatsinga i fylket har tatt av

– Det er her det skjer

Og dette har ikkje gått føre seg i det stille. Blant dei 170 deltakarane på Hydrogenkonferansen i samfunnshuset onsdag og torsdag, er også representantar frå selskap i sju ulike land. Mellom dei er franske Laurence Grand Clement, som er grunnleggar og president i PersEE. Selskapet arbeider med å kople nyetablerte selskap innan grøn energi inn mot EU-byråkratiet. Ho er også ein del av eit EU-prosjekt som har som mål å komme fram til nye drivstoffcelle-løysingar for marine aktivitetar.

– Vi har leita verda over etter spennande prosjekt og satsingsområde innan marin bruk av hydrogen. Det at eg er her i dag er eit bevis på at Sogn og Fjordane og ikkje minst Florø for tida er leiande når det gjeld innovasjon innan hydrogen til bruk i skipsfarten. Vi fann ut av at vi måtte reise til denne konferansen, for det er her ting kjem til å skje, strekar ho under.

– Framoverlent

Grand Clement meiner fylket si satsing er framoverlent og nyskapande, også i eit globalt perspektiv.

– Hydrogen vil før eller seinare bli ein global revolusjon innan måten vi tenker energi og drivstoff. Her er det enorme potensial, seier Grand Clement.

Men sjølv om hydrogenteknologien ikkje er noko nytt, er det framleis mykje forsking som står att før hydrogen verkeleg tek av.

– Innan 10 til 15 år er hydrogen vanleg som drivstoff innan skipsfarten. Utfordringa er å finne teknologi som gjer det billegare å lagre hydrogen, for dersom den må lagrast, må du kjøle den ned til minus 250 grader. Det er for tida veldig dyrt. Men forskarar arbeider no med fleire lovande prosjekt som vil kunne gjere denne prosessen billegare, seier Grand Clement.

– Stort steg vidare

Hydrogenbåtprosjektet til Flora kommune fekk eit realt oppsving under hydrogenkonferansen.

– No er vi komme eit godt steg vidare. Etter konferansen vi arrangerte saman med Maritim Forening Sogn og Fjordane og Hydrogenregion Sogn og Fjordane, hadde vi eit møte med partnarar som er interessert i å vere med vidare. Mellom dei Kongsberg Maritime, Brødrene Aa og Florø skyssbåt og Veritas. Vi vart samde om å ha klar ei skisse over ein ny hydrogenbåt til jul, fortel prosjektleiar Jan Henrik Nygård.

Denne båten skal inn på pendlarruta fylkeskommunen og kommunen jobbar for å få på plass mellom Lutelandet i sør, og nordover til Florø og Måløy.

– Dette vil bli ei anbodsrute, og den vil vi få på plass så fort som mogleg. Og når hydrogen er eit alternativ, blir det ein hydrogenbåt som skal gå på denne ruta, seier Nygård.

Pilotprosjektet hans skal vere ferdig i mai 2017.