Prestisjetungt fagblad kallar hydrogen-prosjekt for "game changer"

BÅTEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut. Den skal byggast på Brødrene Aa i Hyen og etter planen sjøsettast i 2022.

BÅTEN: Slik ser den første hydrogendrivne hurtigbåten ut. Den skal byggast på Brødrene Aa i Hyen og etter planen sjøsettast i 2022. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Teknisk ukeblad har tysdag ei større sak om hydrogenprosjektet som Flora kommune er involvert i, saman med mellom andre Florø Skyssbåt og Brødrene Aa. "Denne båten kan bli ein 'game changer' ", skriv fagbladet, og beskriv korleis prosessen med å utvikle den den lette og raske hurtigbåten går framover.

Varaordførar Jan Henrik Nygård tok initiativ til prosjektet i mars i fjor, og det har i ettertid fått mykje merksemd, også internasjonalt.

Straumproduserande brenselceller som er baserte på hydrogen er på full fart inn i transportsektoren. I januar kom det ein rapport frå NOx-fondet som antyda at hydrogenbåtar med ein fart på 30 knop kunne komme innan 6-8 år. Allereie no forheld ein seg til at det vil vere mogleg allereie i 2021.

I 2013 gjorde Veritas ein studie for Klima- og Miljødepartementet, der all trafikk i norske farvatn i 2013 vart kartlagd. Studien viste at 55 % av utsleppa skuldast innanrikstrafikk - og her er passasjertrafikk ein versting. Utsleppa frå hurtiggåande passasjerfarty er skyhøge, og slik transport er både etterspurt og effektivt langs den lange kysten vår.

Artikkelen til Teknisk Ukeblad strekar under behovet for at tryggleik blir teke svært alvorleg - ei alvorleg ulukke kan sette hydrogen på hylla for godt:

- Vi må vere hundre prosent sikre på at tryggleiken blir ivareteken. Det krev eit nitid arbeid med regelverk og spesifikasjonar. Vi toler ingen ulukker, seier Narve Mjøs, programdirektør i Grønt Kystprogram.

Pilotprosjektet er det førebels siste som er tatt opp  i Grønt Kystprogram, som er eit samarbeid mellom det offentlege og det private med ei målsetting om at Norge skal bli verdsleiande på miljøvennleg og effektiv skipsfart.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken