Jan Erik har ni gode tips til deg som er leiger ut bustad

Jan Erik Mardal, Huseiernes Landsforbund Sogn og Fjordane

Jan Erik Mardal, Huseiernes Landsforbund Sogn og Fjordane Foto:

HUS OG HEIM: Det kan vere mange ting å passe på og hugs at det er du som utleigar som er den profesjonelle parten.

DEL

Det blir inngått mange nye leigeavtaler i desse dagar. Skuleelevar er tidleg ute for å sikre seg ein fin hybel til kommande skuleår, eller ei leilegheit dei kan dele med ein venn.

For deg som utleigar er det mange ting du må tenke på, anten du har ein hybel i kjellaren, eit ekstra rom i huset eller leiglegheita, eller ein sekundærbustad.

For å unngå at det oppstår usikkerheit og usemje rundt kva som er ditt ansvar, bør du sette deg godt inn i reglane for utleige, slik at leigeforholdet blir ei god oppleving for begge partar.

For deg som skal leige ut bustaden din, er det derfor lurt å ta nokre førehandsreglar. Her er 9 tips på vegen frå distriktsleiar og advokat Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund:

1. Bruk alltid leigekontrakt.
Ei god leigekontrakt er sikkerheit for begge partar. Vi tilrår digital kontrakt som kan signerast med BankID av både leigetakar og deg som utleigar.

2. Kva kan eg leige ut?

I prinsippet kan ein leige ut det ein har av ekstra rom i bustaden så sant ein brukar romma til det dei er godkjende for. Med andre ord kan du leige ut eit ledig soverom, så lenge soverommet er godkjent som rom for varig opphald i bueinga.

3. Sørg for å ha sikkerheit for leigebetaling.

Dette får du gjennom depositum som blir betalt inn på en sperra konto i banken, eller i form av garanti. Då unngår du tap dersom leigetakar ikkje betalar for seg. Ein kan ikkje krevje større sikkerheit enn eit beløp tilsvarande seks månaders leige, og det vanlegaste er tre månaders leige.

4. Sjekk alltid referansar.

Sjølv den som er minst til å stole på kan vekke tilliten din på vising og fram til kontraktinngåinga. Derfor er det lurt å be om referansar frå eventuelle tidlegare leigeforhold. Det gir deg eit betre bilde av korleis leigetakaren er.

5. Tenk tidshorisont.

Det viktigaste er at ein på førehand tenker igjennom kva behov ein har, og utformar kontrakten etter det, enten leigeforholdet er tidsbestemt eller tidsubestemt. Husk at leigetakar har eit sterkt oppseiingsvern, og at ei oppseiing må vere sakleg grunngitt og ikkje verke urimeleg for leigetakar.

6. Sørg for å ha ein utkastingsklausul i kontrakten.

Då kan du søkje namsmyndig­heitene si hjelp til å avslutte leigeforholdet dersom husleiga uteblir. Utan slik klausul kan ein utkastingsprosess ta veldig lang tid.

7. Set deg inn i reglane.

Når du leiger ut, så er det viktig å gjere det i samsvar med lover og reglar. Du kan ikkje berre sette opp leiga halvvegs i året utan varsel eller seie opp leigetakar når du vil. Som utleigar er du den profesjonelle parten, så ver ditt ansvar bevisst.

8. Må eg skatte av leigeinntekta?

Hovudregelen er at leigeinntekt er skattepliktig inntekt, men leigeinntekt frå bustad som ein eig og bur i sjølv kan likevel vere skattefri i to tilfelle:

For det første er leigeinntekta skattefri dersom ein brukar minst halvparten av bustaden, rekna etter utleigeverdi. Det vil seie at den delen ein brukar sjølv er minst like mye verdt som den delen ein leiger ut. Den andre skattefritaksregelen seier at leigeinntekta er skattefri dersom brutto leigeinntekt ikkje overstig 20.000 kroner per inntektsår, uavhengig av om du sjølv brukar minst halvparten av bustaden sjølv i den perioden du leiger ut eller om du leiger ut medan du er på ferie.

Inntekt frå korttidsutleige, altså leigeforhold under 30 dagar, blei frå 1. januar 2018 rekna som skattepliktig inntekt. Dette gjeld sjølv om det dreiar seg om utleige av bustad som ein sjølv bur i. Dei første 10.000 kronene er likevel skattefrie, men av alt du tenar over dette beløpet blir 85 % rekna som skattepliktig inntekt.

9. Få hjelp.

Lurer du på noko om leigeforholdet? Søk råd hos nokon som kan hjelpe deg med dei juridiske spørsmåla. Delta gjerne på lokale kurs som tek for seg kva ein bør vite om utleige eller skatt på utleige.

Artikkeltags