70 slike har teke fyr dei siste tre åra

tørketrommel brann

tørketrommel brann Foto:

FLORØ: Med billigare straum nattestid, brukar stadig fleire vaskemaskiner og tørketromlar medan dei sjølve søv. Ein dårleg idé, åtvarar forsikringsbransjen.

DEL

Ein av tre nyttar tørketromlar nattestid, viser ei ny undersøking som Frende har fått utført.

- Det er ein sjanse eg aldri ville tatt, seier Øystein Øren, som er fagsjef i Frende og sjølv småbarnsfar.
 

Brannvesenets rapportering viser over 70 brannar i tørketromlar dei tre siste åra, ifølge Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Sjansen for at fleire nyttar elektrisk utstyr på denne måten har auka, sidan vi no har eit straumregime der prisane på elektrisk kraft er lågare nattestid enn i pressperiodane på morgon og ettermiddag/kveld.

Statistikkane viser også at sjansen for å avgrense brannar aukar med folk til stades i heimane - vel å merke vakne folk.

- Støv og varme og slurv med vedlikehold er ein farleg kombinasjon. Det gjeld uansett kva type tørketrommel du har, seier Øren i Frende i ei pressemelding.

Lo-filteret må tømmast kvar gong du har nytta maskina.

Ønskjer du å avgrense sjansen for brann ytterlegare, skal du vere varsam med å fylle maskina for full. Overbelasting kan føre til at maskina jobbar for tungt, og faren for kortslutning aukar.


- Røykvarsler på vaskerommet må og vere ein sjølvfølge, og å ha slukkeutstyr i nærleiken, meiner Øren.

Bjørn Nyrud i DSB er bekymra for innføring av såkalla tidsdifferensiert straum.

- Det er feil med tanke på brannsikkerheit, seier han.

- Dessverre går vel utviklingen dit at viss tidsdifferensierte straumprisar blir innført, så vil slikt utstyr bli brukt meir om natta eller midt på dagen når folk ikkje er i heimen. Det kan føre til at branntilløp får utvikle seg i større grad, seier Bjørn Nyrud i DSB.

Og om du lurte: Det er kjønnsmessige forskjellar på korleis vi brukar tørketromlar. Dobbelt så mange menn som kvinner tek sjansen og tørkar kleda sine nattestid.

 

Artikkeltags