Politiet arresterte rusa blindpassasjer på Hurtigruta

HURTIGRUTEN: Illustrasjonsfoto av MS Nordlys Foto: arkiv

HURTIGRUTEN: Illustrasjonsfoto av MS Nordlys Foto: arkiv

Artikkelen er over 1 år gammel

Då Hurtigruta klappa til kai i Florø natt til tysdag, var det med ein rusa og kranglete blindpassasjer om bord.

DEL

Klokka fem tysdag morgon vart politiet tilkalla til Fugleskjærskaia i Florø.

Hurtigruteskipet MS Trollfjord hadde fått problem med ein rusa blindpassasjer (38).

Vedkommande skal ha snike seg om bord i hurtigruta då den låg til kai i Bergen, og vart ikkje oppdaga før skipet var undervegs til Florø.

Mannen var ikkje villig til å betale for seg, og var kranglete, og vart difor sett i arrest i båten. Deretter vart politiet informert, og dei stod klare på kaia for å hente blindpassasjeren.

- Patruljen har tatt vedkommande med seg på land. Skipet har forlatt Florø hann på sin ferd nordover, melder Vest politidistrikt på Twitter tysdag morgon.

Mannen var godt godt rusa, og vart difor sett i drukkenskapsarrest i Florø.

- Han vil bli presentert med eit gebyr frå Hurtigruten for sin ferd frå Bergen til Florø, opplyser politiet.

Det er ukjent kvar mannen hadde tenkt seg. Blindpassasjeren var norsk borgar, men er ikkje busett i Hordaland eller Sogn og Fjordane.

Artikkeltags