Andreas fekk mystisk hummarfangst

Andreas Mårstig Ravnøy fekk hummar med klørne samanbundne.

Andreas Mårstig Ravnøy fekk hummar med klørne samanbundne. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ti år gamle Andreas Mårstig Ravnøy frå Nå i Hardanger er ein ivrig fiskar, så når han er på ferie i Kalvåg nyttar han sjølvsagt høvet til å drive litt krabbefiske.

Krabbe blir det kvar einaste dag, men på onsdag kom Andreas lett oppskaka heim med heile teina. Det var noko rart med "føtene" til hummaren han hadde fått. Det viste seg at ein stor fin rognhummar var gått i teina, men ikkje berre det: I tillegg hadde hummaren kraftige gummistrikkar på begge klørne.

Andreas Mårstig Ravnøy.

Andreas Mårstig Ravnøy. Foto:

No er det heilt vanleg å binde hummaren før ein legg dei i samlekasse. Gjer ein ikkje det endar det ofte i slagsmål med store skadar på dei involverte. Men kor lenge denne hummaren har farta rundt med dette handikappet er vanskelig å seie. Mystisk er det i alle fall. Dersom hummaren er fiska lovleg så må det ha vore frå fjorårets sesong mellom 1. oktober og 31. november.

Det får vi vel aldri svar på, men Andreas var einig i at han onsdag gjorde to gode gjerningar: Først å frigjere klørne på hummaren slik at den ikkje vart plaga meir. Dernest å kaste den på sjøen for at den skulle føre slekta vidare.

Artikkeltags