Færre har registrert seg for hummarfiske i år

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fiskeridirektoratet minnar om at ein må registrere seg på nytt kvart år.

DEL

Hummarfisket opna 1. oktober, og så langt har nesten 27.000 hummarfiskarar meldt seg på årets fiske. I fjor var talet 33.300. Dette kan tyde på at mange som registrerte seg i fjor framleis trur den registreringa også gjeld for i år, men alle må registrere seg på nytt, skriv Fiskeridirektoratet på si nettside.

I fjor var første året ein måtte registrere seg for å kunne fiske hummar.

I fjor var 179 påmelde i Bremanger, og 360 personar i Flora. I år er dei tilsvarande tala høvesvis 142 og 237.

Fylket med flest påmelde hummarfiskarar er Hordaland, der nesten 6000 personar har registrert seg. Fylket med færrast påmelde er Finnmark, med berre fire. I Sogn og Fjordane er det vel 1300 personar som har registrert seg som hummarfiskarar.

Frå og med i år er det påbode med eit ekstra rømmingshol i alle hummarteiner i tillegg til fluktopningar. Holet skal vere så stort at ein kan dra ein gjenstand på 15x9 cm gjennom holet. Det skal syast igjen med ein oppløyseleg bomullstråd for å redusere faren for såkallla spøkelsesfiske viss teina skulle gå tapt. 

Hummarteiner skal ha minst to fluktopningar, ei på kvar side av teina og ei i kvart kammer viss teia har fleire kammer. Desse skal i perioden det er lov å fiske hummar ha ei opning på minst 60 mm. Utanom sesongen skal teiner som blir brukte til å fiske krabbe ha fluktopningar på minst 80 mm.

Artikkeltags