Brenn du for kritisk tenking? Då vil Siri, Anne Marie og Bente ha deg med på laget

FLORØ: Human-Etisk Forbund søker frivillige kursleiarar til konfirmasjonane i Flora og Bremanger

DEL

Siri Søreide Jansen og Anne Marie Baugstø-Hartvigsen har i år hatt ansvar for kurs- og seremonitilbodet til dei humanistiske konfirmantane i Flora og Bremanger. I år vart 23 ungdommar konfirmert humanistisk i Florø. Men for få år sidan såg det ut som dei måtte legge ned tilbodet om humanistisk konfirmasjon her i området, fordi det var for få frivillige. Men Siri, Anne Marie og fleire andre frivillige har likevel klart å sikre tilbodet kvart år.

– Det er vi glade for at vi har fått til, seier Anne Marie.

– Det er viktig at vi har eit godt alternativ for dei som ikkje føler at konfirmasjon i kyrkja er det som passar for dei. Og for oss har det vore spennande å bli kjent med konfirmantane og høyre kva dei er opptatt av. Vi har snakka saman om kritisk tenking, menneskerettar, kva det vil seie å ha eit livssyn – for å nemne noko. Og vi har reist på leir saman og møtt konfirmantar frå resten av fylket. Men vi skulle ønske at det var fleire som hadde lyst å engasjere seg saman med oss, om vi kunne fått ein kursleiar til som kan bli ein del av teamet vårt ville det vore til god hjelp, seier Anne Marie.

Opplæringshelga for frivillige kursleiarar går føre seg i Bergen 16. til 17. november.

Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane

På landsbasis har forbundet rundt 90.000 medlemmer, i Sogn og Fjordane ca 965, fordelt på fire lokallag.

Dei fire er Flora/Bremanger, Førde og omegn, Indre Sogn og Nordfjord. Det blir arrangert konfirmasjon i Florø, Førde, Sogndal og på Nordfjordeid.

I 2016 valde 96 unge humanistisk konfirmasjon i Sogn og Fjordane, i 2017 var talet 79 og i 2018 var det 108 stykker. Så langt i år er 124 påmelde humanistisk konfirmasjon i fylket.

Mesteparten av aktiviteten i fylkeslaget er knytt til seremoniarbeid, men ein fokuserer også på å fremje kunnskap om humanisme som livvsyn.

Leiar i fylkeslaget er Magni Flyum, nestleiar er Gry Tokvam.

Artikkeltags