- Human-Etisk Forbund får like vilkår

Rektor Geir Knapstad, Flora ungdomsskule.

Rektor Geir Knapstad, Flora ungdomsskule. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Tilbodet om konfirmantundervisning er det same til Human-Etisk Forbund som til Kyrkja, understrekar rektor Geir Knapstad ved Flora ungdomsskule.

DEL

Han viser til at dagens ordning, som vert praktisert i samarbeid mellom skulen og Kyrkja har lang tradisjon i Flora. Konfirmantane får deler av opplæringa i skuletida, tilsaman fire dagar gjennom skuleåret i 9.klasse.

- Dette er ei praktisk og god løysing for alle partar, og borgarleg konfirmasjonsopplæring har høve til det same. Humanetisk Forbund har også fått nytte elevane si undervisningstid til informasjon om borgarleg konfirmasjon. Flora ungdomsskule har invitert Humanetisk Forbund til å gjennomføre si opplæring parallelt, men Hovland har avslått dette på vegner av dei borgarlege konfirmantane og deira føresette. Dermed følgjer desse elevane vanleg undervisning, forklarer Knapstad i eit lesarinnlegg til Firdaposten.

Grunngjevinga for kritikken er mellom anna at konfirmantane går glipp av deler av vanleg undervisning. Dette er eit val foreldre har høve til etter opplæringsloval, påpeikar Knapstad. Han presiserer vidare at dersom protestane hadde kome frå foreldrerepresentantar og elevar dette faktisk gjeld, ville det vore meir logisk. Som rektor ville han teke konsekvensen av det og gitt skuleeigar, Flora kommune, melding. Rådmannen i Flora førebur elles saka til politisk handsaming slik lova legg opp til.

I sine elleve år i denne stillinga har han aldri høyrt anna enn at foreldre til kyrkje-konfirmantane tykkjer om opplæringa i skuletida.

(Heile lesarinnlegget kjem i papiravisa laurdag)

Artikkeltags