Human-etisk forbod mot bibel-pushing

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

– Eg reagerer sterkt på det eg får lese i Firdaposten om kyrkja sin framferd i skulane. DEBATTEN GÅR!

DEL

Det seier Berit Hovland i Human-Etisk Forbund, etter oppslaget i Firdaposten laurdag om korleis kyrkja deler ut biblar til born i skuletida.

Ho reagerer på at sokneprestane med fullstendig klasseliste i hand, kjem på skulen med biblar til dei av femteklassingane som ikkje var til stades på utdelinga i kyrkja.

Det trass i at foreldra kanskje ikkje deler same trua.

– Dette var verre enn eg trudde. Det bekymrar meg at presten ikkje skjønar at dette er krenkjande for folk som har eit anna livssyn.

Når dei kjem på skulane med biblar, respekterer dei ikkje at einskilde av foreldra har gjort eit annleis val på vegner av ungane sine, seier Hovland.

Artikkeltags