Slo full alarm i natt etter røykutvikling på fisketrålar

Ein trålar fekk vanskar ved midnatt søndag, og både skip og redningshelikopter frå Florø var i aksjon.

DEL

Det var like over midnatt at ein trålar sende ut naudvarsel om at dei hadde røykutvikling om bord i fartøyet sitt, som låg vest av Ålesund.

Kystradio Sør sende ut mayday-varsel og ei rekkje fartøy sette kursen mot trålaren for å assistere, og eit redningshelikopter frå Florø tok også av.

Om bord var ei besetning på 22 personar, og røykdykkarar frå Ålesund si brannberedskapsgruppe til havs (RITS) blei firt ned for å assistere. Då var allereie redningsskøyta RS «Klaveness Marine» framme ved trålaren. Samtidig klargjorde politiet i Møre og Romsdal for mottak på land, men ein time seinare melde røykdykkarar og brannpersonell om at situasjonen var under kontroll, og at ingen personar var skadde eller trong medisinsk tilsyn.

Trålaren sette deretter kursen for Ålesund for eiga maskin.

Artikkeltags