Naudbluss utløyste full alarm

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Hovudredningssentralen sende tysdag kveld ut eit helikopter etter at det kom melding om ein observasjon av raudt naudbluss vest for Ytterøyane fyr ved Kinn.

Florø Radio blei også varsla og politiet bad om tips i saka frå folk som kunne ha sett noko.

Situasjonen blei avklart etter kort tid, melder politiet på twitter. Det viste seg at det var oljeplattforma Gjøa som hadde fakla - løyst ut gass - lenger enn normalt.

Artikkeltags