Mann i 60-åra mista livet

PÅ KAIA: politi, legevakt og ambulansepersonell tok Sea Service ut til Hovden.

PÅ KAIA: politi, legevakt og ambulansepersonell tok Sea Service ut til Hovden.

FLORA: Det var ein mann i 60-åra som mista livet på øya Hovden utanfor Florø onsdag ettermiddag.

DEL

Det var onsdag ca. klokka 14.58 politiet fekk melding om det som truleg var ei fallulykke på øya Hovden. Meldinga til politiet kom via AMK-sentralen, og gjekk ut på at ein person var involvert i ulykka.

Dei tre naudetatene og Hovudredningssentralen blei umiddelbart varsla, det vart sett i gang redningsaksjon, og redningshelikopter fra Florø blei sendt mot staden. Det same blei ambulansebåten.

Ca kl. 15.25 var lege på staden. Det blei iverksett livreddande tiltak, men personen blei etter ei stund erklært død av lege.

Politiet ankom øya rundt klokka 16.30, og starta då undersøkingar. Årsaka til ulykka er framleis ukjent, men hendinga vil bli etterforska av politiet.

Mannen er sendt til obduksjon, og politiet kan ikkje seie noko meir om dødsårsaka før den førebelse obduksjonsrapporten er klar, truleg over helga. Det seier politistasjonssjef Wenke Hope til Firdaposten.

Saka blir etterforska av Sunnfjord lensmannsdistrikt.

Per no er det ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt i samband med ulykka.

Artikkeltags