Skal halvere tida på byggesaker

Behandling av byggjesaker, både for private og for næringsdrivande, skal bli både enklare, raskare, billegare og meir føreseieleg, lovar fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik. Her frå starten på grunnarbeidet for fleirbrukshallen på Hauge i Bremanger.

Behandling av byggjesaker, både for private og for næringsdrivande, skal bli både enklare, raskare, billegare og meir føreseieleg, lovar fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik. Her frå starten på grunnarbeidet for fleirbrukshallen på Hauge i Bremanger.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

No kjem endringane i den nye plan- og bygningslova. Om alt går som tenkt, kan byggjesakene dine bli behandla opp mot dobbelt så raskt som i dag, håpar høgreleiar Vidar Grønnevik.

DEL

Regjeringa la sist fredag fram ein lovproposisjon til Stortinget om nye reglar for å effektivisere planprosessane og forenkle regelverket for dei som skal byggje.

Det er svært gledeleg at det vert lagt til rette for raskare bygging, seier Vidar Grønnevik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Dei mest optimistiske anslaga spår ein nedgang i saksbehandlingstid på mellom 30 og 50 prosent i ein del kommunar. Men det skal ikkje berre gå raskare, ifølgje fylkesleiaren i Høgre:

Billegare og enklare

- Det skal også bli billegare og enklare for folk flest. Tidstjuvane må vekk, og vi skal ha meir effektive planprosessar, seier Grønnevik i ei pressemelding.

Dei nye tilpassingane i lova gjeld både for privatpersonar som skal byggje, for næringslivet og for samfunnutviklingsprosjekt generelt. Målet er at kvaliteten på prosessane ikkje skal gå ned som følgje av enklare reglar og høgare tempo.

Lettare å få dispensasjon

Her er hovudinnhaldet i proposisjonen som Stortinget no skal ta stilling til:

Enklare å endre planar: større planendringar enn i dag skal kunne bli gjennomført utan full planhandsaming. Større justeringar i ein reguleringsplan skal kunne bli vedteke av eit politisk utval i kommunen etter delegert mynde frå kommunestyret. Det kan t.d. vere å omregulere eit areal til barnehage eller auke tal etasjar for å betre utnyttinga av ei tomt. Kommunen får større rom for skjønn ved vurderinga av kor mykje sakshandsaming som er nødvendig for å gjennomføre endringar.

Enklare å oppheve eldre planar: planar som ikkje er i samsvar med overordna plan kan bli oppheva utan å måtte følge krava til full planhandsaming som i dag.

Enklare og tydelegare vilkår for dispensasjonssakar: Større lokalt handlingsrom og mindre statleg kontroll for mindre tiltak som ikkje har nasjonal eller viktig regional verknad. Færre saker skal innom dei statlege og regionale fagstyresmaktene. Ein ny regel opnar for at dispensasjon også kan bli gjeven om viktige samfunnsomsyn tilseier det, til dømes omsynet til bustadbygging, samferdsle, verdiskaping, næringsutvikling og sysselsetting.

Hindre ineffektiv tidsbruk: urealistiske planinitiativ som uansett ikkje vil bli vedteke skal kunne bli stoppa tidligare enn i dag. Vedtaket om å stoppe eit planinitiativ må bli grunngjeve skriftleg, og utbyggar kan krevje at det skal bli lagt føre til kommunestyret til endelig avgjerd.

Hindre omkampar og forseinkingar: meir forpliktande dialog mellom kommunen og utbyggar i fasa med oppstart. Referatet frå det obligatoriske oppstartmøtet skal legge grunnlaget for ein føreseieleg og sams planprosess, med mål på framdrift, dokumentasjon og utforming av planen. Usemje i oppstartmøtet kan bli avklart ved politisk handsaming.

Mindre sentral godkjenning og pålegg: krava frå i dag til sentral godkjenning av regionale planstrategiar samt obligatorisk oppdatering (rullering) av regionalt handlingsprogram blir fjerna.

 

Artikkeltags